Job description

Matforsyning i Helse Førde har ledig 40 % fast stilling som kokk ved Indre Sogn psykiatrisenter.

Vil du vere med og bidra til gode måltidsopplevingar for pasientar ved Indre Sogn psykiatrisenter? Vi ser etter deg som ønskjer å bruke fagkompetansen din til å lage næringsrik og velsmakande mat som ein del av i eit viktig samfunnsoppdrag.

Indre Sogn psykiatrisenter er ein del av spesialisthelsetenesta i Helse Førde. Hos oss er mat og måltid ein viktig del av behandlingstilbodet, og vi legg vekt på kvalitet, trivsel og gode rutinar i kjøkkenarbeidet.

Dersom det blir tilsett ein intern søkjar, kan det bli ledig ei tilsvarande 40 % fast stilling ved produksjonskjøkkenet ved Førde sentralsjukehus. Merk søknaden med kva stilling du søkjer på.

Dagarbeid, 37.5 timars veke.

Kva går jobben ut på?

Som kokk hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som arbeider for trygge og gode måltid til pasientar og tilsette.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

tillaging av varm og kald mat

tilrettelegging av spesialkost og diettar

planlegging og gjennomføring av måltid

etterleving av hygienekrav og rutinar (IK-mat)

varebestilling og lagerhald

samarbeid med andre faggrupper

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

fagbrev som kokk

gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Det er ein fordel om du:

har erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken

har kunnskap om spesialkost og ernæring

har erfaring med IK-mat og relevante datasystem

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team

er strukturert og har god orden i arbeidet ditt

samarbeider godt med kollegaer og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

er fleksibel og handterer ein variert arbeidskvardag

er oppteken av kvalitet og gode matopplevingar

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du bidreg direkte til pasientane sin kvardag.

Vi tilbyr:

eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer

varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver

moglegheit for fagleg utvikling

løn etter gjeldande avtaleverk

gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Kjenner du deg igjen i dette? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Anne-Marie Furehaug, Seksjonsleiar, (+47) 576 27 511

Arbeidsstad
Dalavegen

6856 Sogndal

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5148207524

Stillingsprosent: 40%

Fast

Startdato: 01.09.2026

Søknadsfrist: 09.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav