Vayme
N

IPS- jobbspesialist

Nav Alver // regionkontor Nordhordaland

ISDALSTØ Fast June 8, 2026

Job description

Blir du motivert av å jobbe med menneske, har trua på at alle menneske trass i psykiske utfordringar kan ta utdanning eller få og behalde ein vanleg jobb? Om du ønsker å bidra på eit svært viktig samfunnsområde, kan en stilling som jobbspesialist vere noko for deg.

Nav region Nordhordland søker ein motivert person med stort pågangsmot som IPS - jobbspesialist. Individuell jobbstøtte (IPS) er ein metode for tett oppfølging av personar med psykisk helse- og ruslidingar som ønsker arbeid, og som har behov for behandling samtidig med arbeidsretta bistand. Målet er å leggje til rette for at menneske med psykiske helse- og rusutfordringar skal få, behalde og stå i ordinært arbeid eller utdanning. Du vil bli tilsett i Nav Alver og inngå i Nordhordland sitt IPS-team, som igjen vil vere ein del av fagmiljøet ein har for IPS i Nav Vestland. Du vil ha tilhørighet til og kontorstad på avdeling psykisk helse og rus i Knarvik når du ikkje er ute i møter eller på jobbutvikling.

Det er viktig at du trur at alle menneske kan få og behandle ein vanleg jobb til tross for psykisk helse- og rusproblem, kulturell bakgrunn eller andre utfordringar. I søknadsteksten ber vi deg seie noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.

Kva går jobben ut på?

du vil nytte IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, Nav og arbeidsgjevarar/studiestad

dette inneber at du oppsøker arbeidsgjevarar og driv aktiv jobbutvikling hos arbeidsgjevar, skaper dialog og bygger nettverk ute i lokalmiljø

mykje av arbeidstida går ut på å ha møte med deltakarar og studiestadar/arbeidsgjevarar (65% av arbeidstida)

du vil følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med riktig utdanning eller jobb

rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen mot arbeid

engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestad, arbeidsgjevar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar

bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet

dokumentere arbeidet i fagsystem

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.

god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

god rettleiingskompetanse og/eller erfaring frå å jobbe med menneske i ulike livsfasar

førarkort klasse B

Det er ein fordel om du har

erfaring med Individuell jobbstøtte/Supported Employment eller god kjennskap til prinsippa i desse metodikkane

erfaring frå å jobbe med inkluderande rekrutteringsarbeid

vilje til oppsøkande verksemd og nettverksbygging i arbeidsmarknaden

kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helse- og rusutfordringar

Kva ser vi etter hos deg?

du er god til å kommunisere med ulike menneske og skaper gode og trygge relasjonar

du er god til å motivere og inspirere

du kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar

du er sjølvgåande med evne til eigenmotivasjon

du trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat

Kvifor velje oss

moglegheit til å gjere ein forskjell, i ein organisasjon med eit særs viktig  samfunnsoppdrag

spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling

eit godt fagmiljø som er opptekne av tenesteutvikling og ambisiøse mål

opplæring, kurs og kompetanseheving

gode og inkluderande kollegaer i eit godt arbeidsmiljø på eit kontor med høgt tempo

fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida

statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønnsspenn frå kr. 622 000 - 640 000 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.

god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

https://www.nav.no/sok-jobb-i-nav#ansattgoder

Kontaktinformasjon
Karen Sofie Aasmyr, Avdelingsleiar, 900 13 845, Karen.Sofie.Aasmyr@nav.no

Arbeidssted
Kvernhushaugane 2
5914 Isdalstø

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5141412806
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.