Job description

Ledig vikariat i 100% stilling som helsesjukepleiar/ sjukepleiar i Tokke kommune

Frå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har Tokke kommune ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar. Sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring kan også søkje.
Er du helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/erfaring, og har lyst på ein spanande og meiningsfull jobb? Då kan dette vere noko for deg!
Vikariatet kan bli forlenga eller gjort om til fast stilling på sikt. Arbeidet er knytt primært til skulehelseteneste, flyktninghelseteneste og reise-/sesongvaksinering. Arbeidstida er dagtid i fleksitidsordning, men ein må også rekne med noko kveldsarbeid.
Helsestasjonen har eit godt og engasjert fagmiljø, og du blir del av eit team med helsestasjonslege, helsesjukepleiarar, sekretær og jordmor (organisert via jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark).
Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysio- og ergoteapiteneste og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune har eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariff.

Arbeidsoppgåver

Sikre gode tenester som tek i vare barn og unge sine fysiske, psykisk og sosiale behov

Bidra til å ha eit godt samarbeid i laget rundt barn/ungdom/familie

Utføre oppgåver innan dei nasjonalfaglege retningslinene innan helsestasjon- og skulehelseteneste

Flyktninghelseteneste

Reise-/ sesongvaksinering

Kvalifikasjonar

Godkjent norsk autorisasjon som helsesjukepleiar eller sjukepleiar med relevant utdanning/arbeidserfaring

Erfaring innan førebyggjande og helsefremjande arbeid er ein fordel

Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein arbeidskvardag

Erfaring innan flyktninghelseteneste og med vaksinering er ein fordel

Kurs i COS-P (foreldrestøtte) er eit ynskje

Førarkort klasse B

God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig

Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

Er ein stabil og positiv kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Kan samarbeide og kommunisere på ein måte som skapar trygge og gode relasjonar

Er fleksibel, utvikling- og løysingsorientert

Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert

Vi tilbyr

Helsestasjonen har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø

Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar

Fleksitidsordning

Kommunen hae eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale.

Andre opplysningar:

Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.

Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no.

Velkomen som søkjar!

Kontaktinformasjon
Evy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975

Arbeidsstad
Revahaugvegen 4

3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 5154810946

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 09.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav