Job description

Ledig vikariat 100% stilling som helsesjukepleiar i Selje

Ein av våre tilsette skal avvikle permisjon frå 17. november 2026. Vi ønskjer om mogleg oppstart før dette tidspunktet, for å sikre ei god overlapping. Vikariatet gjeld i første omgang fram til 07.09.2027, truleg med forlenging.

Stad kommune har helsestasjonslokale både i Selje og på Nordfjordeid, med felles leiing. Helsestasjonen har åtte årsverk for helsesjukepleiar. To er tilsette i Selje og seks på Nordfjordeid.

Jordmorressursen vår er på God Start i Helse Førde sine lokale. Fysioterapeut er knytt til helsestasjonen og vi har eit nært tverrfagleg samarbeid med andre som gir tenester til barn og unge.

Helsestasjonen, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom er organisert i eininga for helse saman med

jordmorteneste

fysio- og ergoterapitenesta

helseteknologi

Frisklivssentralen

legetenesta

I denne stillinga i Selje vil du arbeide både med helsestasjon og skulehelseteneste opp til 10. klasse. Helsestasjon for ungdom og vidaregåande skule er lokalisert på Nordfjordeid.

Stad kommune er oppteken av tverrfagleg samhandling kring born og unge, vi arbeider etter BTI-modellen (Betre tverrfagleg innsats), der helsestasjonen har ei sentral rolle.

Som helsesjukepleiar arbeider du med helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og unge. Du samarbeider tett med føresette og med andre faggrupper, og er ein viktig bidragsytar i kommunen sitt folkehelsearbeid

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som er:

engasjert og fagleg interessert

motivert for arbeid med barn og unge

god på samarbeid og relasjonsbygging

Hos oss får du:

eit godt fagmiljø og tett samarbeid på tvers av tenester

varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver

moglegheit til å bidra i utvikling av tenestene

Arbeidsoppgåver

Helseopplysning og helsesamtale

Kartlegging og oppfølging av barn og ungdom si helse, trivsel og utvikling

Foreldresamtale og foreldrerettleiing

Undervisning i grupper og skuleklasser

Vaksinasjon

Koordinatoransvar og tverrfagleg samarbeid

Journalføring i fagprogram

Arbeider etter gjeldande lover og retningsliner

Kvalifikasjonar

Helsesjukepleiarutdanning

Sjukepleiarar med særleg interesse for fagfeltet, eller som har planar om å ta vidareutdanning som helsesjukepleiar, vil også bli vurderte dersom vi ikkje får søkjarar med relevant helsesjukepleiarkompetanse. For søkjarar utan vidareutdanning i helsesjukepleie vil arbeidsoppgåvene bli tilpassa kompetanse og avgrensa til eigna ansvarsområde

Sertifisering innan ICDP og Cos-P eller andre foreldrerettleiingsmetoder er ein fordel

God datakompetanse er nødvendig

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Førarkort klasse B

Disponere eigen bil

Personlege eigenskapar

Du må ha gode samarbeidsevner og vere motivert for å arbeide med barn og unge

Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga

Medverkar i utviklingsarbeid

Trygg i kommunikasjon med barn, unge og føresette

Er sjølvstendig, fleksibel og strukturert

Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver

Mogleg fagleg og personleg utvikling

Godt og inkluderande arbeidsmiljø

Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverket

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Stad kommune har 6 månadar prøvetid. Vi ber om at relevante vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ber om at du oppgir relevante referansar av nyare dato. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!

Kontaktinformasjon
Britt Åslaug Tomasgard, Avdelingsleiar , 95128538, Britt.Tomasgard@stad.kommune.no

Linda Gotteberg, Einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no

Arbeidsstad
Seljetunvegen 24

6740 Selje

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5147543959

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 16.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav