Job description

Vil du bruke helsesekretærkompetansen din i eit fagmiljø der nøyaktig arbeid har stor betydning for pasientane?

Ved Laboratorium for patologi får du ei fast heiltidsstilling på dagtid, varierte arbeidsdagar og grundig opplæring i eit moderne laboratorium. Du blir ein del av eit motivert og dyktig team, der helsesekretærar, bioingeniørar og patologar samarbeider tett om viktig diagnostikk.

Hos oss får du jobbe i eit moderne laboratoriemiljø med utsikt over Smedasundet og det opne havet mot vest, frå lokala våre i den nye sørvestblokka.

Ved Laboratorium for patologi arbeider vi med diagnostikk av sjukdomar ved å undersøkje vevs- og celleprøver. Kreftdiagnostikk er ein sentral del av verksemda vår. Arbeidet vårt er avgjerande for at pasientar skal få rask og korrekt diagnose, og vi samarbeider tett med kliniske avdelingar for å sikre best mogleg pasientbehandling.

Som helsesekretær hos oss blir du ein viktig del av arbeidsflyten knytt til kreftdiagnostikk, frå mottak og registrering av prøvar til kvalitetssikring og koordinering av undersøkingar.

Du er velkommen til å søkje hos oss.

Oppstartsdato etter avtale.

Kva går jobben ut på?

Betene ekspedisjon, telefonførespurnader, post- og prøveforsendingar.

Prøvemottak og registrering av pasientprøver.

Arkivering av pasient- og prøvedata.

Assistere patologen i makroskopiarbeid med vevs- og operasjonspreparat.

Andre kontor- og laboratorieoppgåver, samt betening og vedlikehald av medisinsk-teknisk utstyr.

Utføre arbeid etter gjeldande prosedyrar og retningslinjer, og halde seg oppdatert på endringar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Autorisert helsesekretær.

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Grunnleggande IKT-kompetanse.

Kunnskap og erfaring i bruk av digitale løysningar i spesialisthelsetenesta er ein stor fordel.

Erfaring frå laboratorie verksemda og patologi er ønskjeleg, men ikkje eit krav.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

er motivert, dyktig og tek ansvar i arbeidskvardagen

er punktleg og påliteleg

tilpassar deg nye oppgåver og situasjonar, og finn gode løysingar

ser kva som må gjerast, og både tilbyr og tek imot hjelp

bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø

samarbeider godt med andre

meistrar krevjande situasjonar og periodar med høgt arbeidstempo

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Ein spennande, variert og utfordrande jobb.

Eit laboratorium og eit fagområde under utvikling.

Du blir ein del av eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium.

Vi oppmodar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon
Håvard Valvatne, Funksjonsleiar, havard.valvatne@helse-fonna.no

Arbeidsstad
Karmsundsgt. 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5152506395

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 21.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav