Vayme
S

Helsefagarbeider ved Skodje heimeteneste

Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune

SKODJE Fast June 18, 2026

Job description

I distriktet Skodje har vi ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidarar i heimetenesta. Arbeid er todelt med dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg. Overgang til årsturnus frå 2027.

Heimetenesta består av heimebuande i distriktet Skodje, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert i 1 etg. på Skodje omsorgssenter. I same bygg har ein både fleire sjukeheimsavdelingar, omsorgsleiligheiter, kontor til fysioterapeut og ergoterapeut, og institusjonskjøkken.

Heimetenesta har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter. Dette inkluderer Ådalen allé, som er omsorgsleiligheter med heildøgns omsorg.
Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krev høg fagleg kompetanse.
Heimetenesta er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.
I tenesta blir det nytta kommunale bilar som står under carport ved kontorbasen.

Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.

Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor osv.

Arbeidsoppgåver

Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.

Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).

Legemiddelhandtering.

Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.

Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.

Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.

Kvalifikasjonar

Fagbrev som Helsefagarbeider (eventuelt fagbrev som hjelpepleier og omsorgsarbeider)

Relevant erfaring er ein fordel

God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)

Beherske IKT-verktøy

Førerkort klasse B

Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar

Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgivar i god tid før oppstart i jobben.

Det forutsettast at den som skal tilsettast kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).

Det krevast også at personlig bankid eller idporten kan benyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysningar ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)

Personlege eigenskapar

Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten

Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar

Sjølvstendig og samarbeidsorientert

Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Nytenkande og endringsvillig

Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø

Eit støttande og engasjert kollegialt miljø

Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff

Pensjonsordning i henhold til tariff

Bedriftshelseteneste

IA bedrift

Kontaktinformasjon
Kristin Beate Osvoll Skodjevåg, Konstituert avdelingsleder, 918 10 445, kristin.beate.osvoll.skodjevag@alesund.kommune.no
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no

Arbeidsstad
Ådalsbakken 6
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5146677934
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.