Job description

Heimetenesta i Herøy søkjer ein engasjert helsefagarbeidar som vil vere med på å sikre gode tenester til innbyggerane. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der fagleg kvalitet, gode relasjonar og samarbeid står i sentrum.

Du blir ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der vi støttar kvarandre og jobbar saman for å gi gode tenester. Det passa for deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, møte menneske der dei bur, og ferdast rundt i det vakre landskapet i Herøy kommune.

Heimetenesta i Herøy har no ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar, for tida i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver

yte helsetenester til heimebuande eldre og sjuke (til dømes personleg hygiene, ernæring og legemiddelhandtering)

nytte velferdsteknologi som tryggleiksalarm og elektronisk medisindispenser for legemiddelhandtering

utarbeide og følge opp tiltaksplanar

dokumentasjon etter gjeldande lovverk

arbeide i stor grad sjølvstendig og samarbeide med anna helsepersonell

rettleie og samarbeide med pasientar og pårørande

bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

norsk autorisasjon som helsefagarbeidar (eller er i utdanningsforløp)

erfaring frå arbeid i heimetenesta (ein fordel)

gode datakunnskapar (erfaring med Gerica er ein fordel)

kurs i legemiddelhandtering (kurs kan og takast eller fornyast ved tilsetting)

gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk

førarkort klasse B

Vi har nynorsk som administrasjonsmål.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utførte på ein god måte

tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen

kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer

er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt

kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt

møte pasientar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar

vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben

bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver

har fokus på heilskaplege pasientforløp

likar å køyre bil i arbeidet gjennom ulike årstider

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse, samhald og inkludering med gode kollegaer

fagleg dyktige kollegaer, ein lærerik og variert arbeidsstad

løn etter gjeldande tariffavtale

pensjon og forsikringsordning gjennom KLP

fagdag i turnus

elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen

stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon
Maria Kristin Kvalsvik, Seksjonsleiar, +47 99210059

Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5

6092 FOSNAVÅG

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5129617013

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Startdato: 14.09.2026

Søknadsfrist: 13.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav