A
Helsefagarbeidar - 100% på Såta bu- og servicesenter
Alver kommune
ISDALSTØ Fast June 9, 2026
Job description

Om stillinga

Me har ledig 100% stilling som Helsefagarbeidar. Me har årsturnus, og arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg, me vurderer også langvaktar kvar 4 helg som ei prøveordning.

Såta bu- og servicesenter

I september 2026 skal Såta bu- og servicesenter utvida, og me utvidar med 13 somatiske plassar. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.

Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.

Arbeidsoppgåver

Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientane på sjukeheimen

Vurdere kvar einskild bebuars behov for oppfølging og iverksetting av tiltak der det er nødvendig

Sette i verk og følge opp tiltaksplanar til kvar enkelt pasient

Medikamenthandsaming i samsvar med gjeldande rutinar

Vere primærkontakt

Dokumentasjon i samsvar med lovar og forskriftar

Veileding av elevar, studentar og lærlingar

Kompetansekrav

Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.

Me søkjer fagleg trygge hjelpepleiare/helsefagarbeidare med god norskkunnkap både skriftleg og munnleg.

Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å struktruere eigen arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta.

God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag.

Kven er du?

Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapt tillit over tid

Du er trygg i deg sjølv

Du har god klinisk observasjonskompetanse

Du har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging

Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for pasientgruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig. Du trivst i ei til tider uføreseieleg arbeidskvardag, og du utøver yrket ditt med samvit og omsorg.

Du bidreg til godt arbeidsmiljø

Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg.

Vi tilbyr

Fagleg spennande arbeid

Årsturnus

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav