Å
Har du lyst å bli fastlege med spanande og utviklande oppgåver?
Ål kommune Ål legetenester
ÅL Fast June 8, 2026
Job description

Ål legeteneste har ledig inntil 100 % fastlegeheimel.

Har du lyst til å jobbe i ein moderne og fagleg oppdatert legeteneste der det er mogleg å kombinere arbeid med fritid- og familieliv? Legekontoret er kommunalt drifta, godt utstyrt og med erfarent og stabilt hjelpepersonell. Her kjem du til dekka bord, då det ikkje er kostnader for sjølvstendige legar å starte i heimelen.

Vil du kombinere ei overkommeleg fastlegeliste og samtidig vere ein del av ei spanande legevakt med godt kvalifisert hjelpepersonell til stades?

Då treng me deg i vår ledige fastlegeheimel ved Ål legekontor.

Om legekontoret og praksisen

Legane i Ål kommune driv felles praksis i eit samla kommunalt legekontor med 10 fastlegar, 1 LIS 1 lege, 1 legevaktslege og 1 sjukeheimslege.

Det etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu. Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning i allmennmedisin.

Legekontoret har for god fagdekking i alle medarbeidarstillingar. Det er moderne lokalar som er godt utrusta til dømes spirometri, ultralyd- apparat, røntgen med videooverføring til Vestre Viken. Det er CT-maskin ved HSS som kan bidra til rask trombolysebehandling samt eigen dialyseavdeling.

Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen.

I Ål kommune tilsvarar ei full liste 810 pasientar. På vanleg måte kan fastlegane tilpliktast inntil 20% offentleg legearbeid. Det er etter nærare avtale mogeleg å knytte heimelen både til fast løn og til privat praksis. Fordeling av listelengde og fordeling av kommunale oppgåver blir gjort regelbunden i samarbeidsutvalet. Me er fleksible med tanke på avtale, og du vil sjølv kunne ha stor moglegheit til å påverke både listelengde og storleik på kommunale oppgåver.

Legevakt

Det er etablert interkommunalt samarbeid med kommunar i Hallingdal og det er tilsett 1 legevaktslege for å redusere vaktbelastninga for fastlegane. Det er eige nye legevaktslokaler som er godt utstyrt i same bygg som legekontoret. Legevakt er organisert som følgjande:

daglegevaktsamarbeid mellom legane i Ål

legevaktsamarbeid med Hol og Hemsedal kommune, lokalisert på Ål, ettermiddag og helg og med fast godtgjersle og tilstadeplikt.

interkommunal nattlegevakt med tilstadeplikt for 5 kommunar i Hallingdal, lokalisert på Ål.

Kvalifikasjonar

lege med norsk autorisasjon

spesialist i allmennmedisin, eventuelt under spesialistutdanning

god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg

det er ynskjelig med sjølvstendig vaktkompetanse

førarkort kl B

Personlege eigenskapar

gode samarbeidsevner med kollegaer og medarbeidarar

gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartar

personleg eigna som fastlege og som kollega

det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet

interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid

Søkjar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane.

Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Me tilbyr

lønns og arbeidsvilkår, der ulike avlønningsmodeller kan drøftast.

sjølvstendig næringsdrivande med 810 listepasientar ved full liste,

fastlønnsavtale

triveleg arbeidsmiljø med motiverte og kompetente medarbeidarar

moderne og godt utstyrt lokaler

tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin, alisavtale og regional rettleiingsgruppe

godt tverrfagleg samarbeid i kommunen og i regionen

Me ønskjer å gjere kvardagen til tilsette trygg, utviklande og variert. Å jobbe i Ål kommune betyr gode pensjons- og forsikringsordningar, fadderordning.

Dersom du vil flytte til Ål, så har me fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål. Me hjelper deg å skaffe bustad.

Send søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav