A
Har du gode mellommenneskelege ferdigheiter og likar å omgåast mange ulike typar menneske? Vi søkjer etter
Askvoll kommune Heimetenester
ASKVOLL Fast July 9, 2026
Job description

Er du sjukepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.

Som sjukepleiar vil ein ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. Heimetenesta yter tenester i heile Askvoll kommune.

Vi søkjer etter sjukepleiar til:

100% fast stilling med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg frå snarast.

Arbeidsoppgåver:

Utøve direkte sjukepleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"

Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet

Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysingar

Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar

Ha sjukpleiefagleg ansvar i gruppa og deltar i sjukepleiefagleg bakvaktsordning ved behov

Medikantmenthandtering

Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt

Medverke til god informasjonsflyt

Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak

Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar

Medverke til eit godt samarbeidsmiljø

Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve

Kvalifikasjonar:

Autorisasjon som sjukepleiar

Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Den som blir tilsett må ha førarkort

Personlege eigenskapar:

Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert

Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg

Like utfordringar og er løysingsorientert

Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte

Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

Vi tilbyr:

Mogelegheit for langvakter etter nærare avtale

Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø

Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25 000 kroner årleg gjennom statleg ordning

Gode pensjonsordningar gjennom KLP

Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing ifølgje personalhandbok for Askvoll kommune

Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Link til søknadsskjema: Søk her

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav