Job description

Hos oss får du arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, geodata og innovasjon

Vi søkjer ein geodatamedarbeidar til fylkeskartkontoret i Bergen. Kontoret representerer Kartverket i heile Vestland fylke og har 11 tilsette med spennande og variert bakgrunn. Oppgåvene våre omfattar etablering, vedlikehald og forvaltning av geografisk informasjon. Vi er pådrivarar for utvikling av geodata og rettleier innanfor fagområda våre. Samarbeidspartnarane våre er mellom anna kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege etatar.

Arbeidet er i stor grad organisert som prosjekt. Dette krev evne til å ta initiativ og vise ansvar, i tillegg til gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Vi ser etter deg som vil vere med på å utvikle morgondagens metodar for datainnsamling, sikre kvaliteten på viktige geografiske data og bidra til nasjonale satsingar med stor samfunnsnytte. Dette er ei unik moglegheit til å påverke korleis geografisk informasjon blir samla inn, forvalta og brukt i det digitale Noreg i framtida.

Geodataområdet er i sterk utvikling, og vi ønskjer oss ein medarbeidar med god, og gjerne ny, kompetanse. Du vil bidra til vidare utvikling av interne prosessar og ta vare på samarbeidet med brukarane av dataa. Hos oss får du arbeide saman med dyktige kollegaer i spennande prosjekt med stor samfunnsnytte.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene

Bidra til utvikling av nye arbeidsmetodar. Mellom anna metodar for datainnsamling, til dømes dronar, og analysar av geografiske data, til dømes satellittbilete. Rolla inneber samarbeid på tvers av avdelingar og divisjonar, og aktivt arbeid for å gjere geodata meir tilgjengelege og nyttige for både offentlege og private brukarar.

Arbeide med kvalitetssikring, forvaltning og vidareutvikling av kart- og geodata, der GIS er eit sentralt verktøy

Ha utadretta kontakt med kommunar og andre samarbeidspartnarar

Delta i både regionale og nasjonale geodataprosjekt i samarbeid med kollegaer over heile landet

Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga

Kvalifikasjonar

Høgare utdanning innan geomatikk, geografi, GIS eller tilsvarande. Minimum bachelorgrad, gjerne mastergrad.

Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)

Erfaring med behandling av geodata

Erfaring med GIS-programvare

Må meistre norsk, både skriftleg og munnleg

Det er ønskjeleg at du har:

Erfaring med Felles kartdatabase (FKB) og SOSI-standarden

Erfaring med dronar, KI, maskinlæring og/eller programmering

Erfaring med prosjektleiing

God teknologiforståing

Personlege eigenskapar:

Skaper resultater

Oppteken av innovasjon og gode løysingar

Gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar

Vi tilbyr

Meiningsfulle arbeidsoppgåver der vi bidreg til å utvikle og forvalte samfunnskritisk infrastruktur som heile Noreg er avhengig av

Gode moglegheiter for kompetanseheving, læring og fagleg utvikling i eit sterkt fagmiljø

Eit godt arbeidsmiljø

Fleksibel arbeidstid

Moglegheit til å arbeide heimanfrå inntil to dagar i veka etter nærare avtale, og éin time trening i arbeidstida per veke

Løn som overingeniør/senioringeniør, kode 1087/1181, frå kr 630 000 til kr 820 000, avhengig av kvalifikasjonar

Gode pensjonsordningar og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse

Kvifor skal du velje oss?

I Kartverket kombinerer vi stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av fellessløysingane og den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv.

På fylkeskartkontoret i Bergen er vi ein triveleg gjeng med eit godt arbeidsmiljø. Kontoret ligg sentralt i sentrum, like ved eit kollektivknutepunkt.

Om søknaden din

Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Kartverket er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Me oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast.

Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.

support@jobbnorge.no

75542220

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav