Vayme
O

Fysioterapeut - 100% vikariat

Osterøy kommune

LONEVÅG Vikariat June 16, 2026

Job description

Om stillinga

Vi har ledig svangerskapsvikariat som kommunal fysioterapeut i 100 % stilling frå 01.09.2026 til 15.05.2027, med moglegheit for forlenging.

Fysioterapeuten skal ha ansvar for fysioterapioppfølging av heimebuande og institusjonsbebuarar – vaksne og eldre – både individuelt og i grupper.

Stillinga er organisert under ergo- og fysioterapitenesta i Osterøy kommune, med base ved Osterøytunet, sjukeheimen i kommunen.

Tenesta skal halde høg fagleg kvalitet og sikre den einskilde brukaren eit forsvarleg fysioterapitilbod tilpassa individuelle behov. Det vert lagt vekt på å fremje eigenmeistring og bidra til at eldre kan bu heime og vere sjølvstendige i eigen bustad så lenge som mogleg.

Stillinga er organisert i ergo- og fysioterapitenesta, der ergo- og fysioterapeutar arbeider tett saman med serviceteknikar og aktivitør i eit tverrfagleg team.

Om oss

Ergo- og fysioterapitenesta i Osterøy kommune består av ergo- og fysioterapeutar, aktivitør ved Osterøytunet og serviceteknikarar ved kommunen sitt korttidslager for hjelpemiddel og mottak av NAV-eigde hjelpemiddel.

Styrkane ved arbeidsplassen vår er mellom anna eit godt arbeidsmiljø prega av høg arbeidsmoral, tillit og trivsel.

Vi har varierte arbeidsdagar med stort spenn i alder, diagnosar, prognosar og tiltak hjå brukarane våre. Tenesta arbeider mellom anna med førebygging, behandling – individuelt og i grupper – tilrettelegging, palliasjon og råd og rettleiing til samarbeidspartar.

Vi har stort fokus på tverrfagleg og tverretatleg samarbeid. Arbeidskvardagen er variert og i stadig utvikling, med nye utfordringar og endringar som gjer arbeidsplassen både lærerik og spennande.

Tenesta har brei fagleg kompetanse og arbeider kunnskapsbasert med fokus på oppdatert praksis. Vi tilstrebar gode kontorplassar og tilgang til nødvendige behandlingslokale og utstyr.

Arbeidsoppgåver

Hovudansvar for vaksne og eldre, inkludert korttids-/rehabiliteringsavdeling ved Osterøytunet og kvardagsrehabiliteringstilbod.

Kartlegge den einskilde deltakar sine mål, ønskjer og moglegheit for aktivitet.

Planlegge, rettleie, igangsette eigna behandling/tilbod, samarbeide tett med kollegaer– internt og eksternt.

Arbeide tverrfagleg– planlegge, organisere og koordinere eigne oppgåver.

Dokumenterei ulike fagsystem.

Andre oppgåver etter avtale med avdelingsleiar for ergo- og fysioterapitenesta.

Vi arbeider mellom anna med førebygging, behandling–individuelt og i grupper, tilrettelegging, palliasjonogråd/rettleiing til andre samarbeidspartar.

Vihar varierte arbeidsdagar med stort spenn i alder, diagnosar, prognosar og tiltak hjå brukarane våre.

Kvalifikasjonskrav

Godkjent fysioterapiutdanning – norsk autorisasjon.

Må ha gode kommunikasjonsevner og beherske norskgodt, munnleg og skriftleg.

Søkjarar frå utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk munnleg og skriftleg gjennom bestått prøve i nivå B2.

Ønskjeleg med relevant erfaring.

Førarkort klasse B, tenesta disponerer eigne el-bilar.

Politiattest som ikkje er eldre enn 3 md må framleggast om ein får tilbod om stillinga

Vi søkjer etter deg som

Har evne til å arbeide sjølvstendig og tverrfagleg.

Er ein god lagspelar og bidra aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø.

Har god helse og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag.

Har eit positivt menneskesyn.

Har godt humør, er fleksibel og påliteleg.

Kan sette deg raskt inn i arbeidsoppgåver og arbeidsverktøy.

Det vert lagt vekt på at ein er personleg eigna til stillinga

Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Vi tilbyr

Ein variert arbeidskvardag i eit tverrfagleg team med stort fokus på tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.

Eit godt arbeidsmiljø prega av høg arbeidsmoral, tillit og høg trivnad.

Opplæring og rettleiing for å sikre god kvalitet i tenesta

Vi har mykje og variert fagleg kunnskap og kompetanse i tenesta, med fokus på kunnskapsbasert og oppdatert praksis.

Vi møter stadig utfordringar og endringar, arbeidsplassen vår er aldri kjedeleg!

Tilstrekkeleg kontorplassar og behandlingslokale/- utstyr.

Lønn etter tariff og offentleg pensjonsordning.

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.