Vayme
Å

Fengselsinspektør - aspirantleiar

Åna fengsel

NÆRBØ Vikariat July 2, 2026

Job description

Om stillinga

Åna fengsel søkjer midlertidig fengselsinspektør med ansvar for aspirantopplæring, i 100 % stilling for perioden august 2026 til og med juli 2027.

Åna fengsel er eit opplæringsfengsel i samarbeid med Kriminalomsorgens utdanningssenter KRUS. Dette inneber å leggje til rette for aspirantar under utdanning til fengselsbetjentstudiet i trå med den praktiske og teoretiske opplæringsplanen til KRUS.

Aspirantleiar inngår i leiargruppa i Åna fengsel.

Arbeidsoppgåver

personal- og oppfølgingsansvar for aspirantrettleiarar og aspirantar i dei praktisk teoretiske semestra av utdanninga på vegne av Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter KRUS

ansvarleg for planlegging og gjennomføring av opplæring av aspirantar i trå med studieplan, årsplan og andre føringar frå KRUS

fagleg ansvarleg for gjennomføring av undervisninga av aspirantar i samarbeid med KRUS, som gjennomføring av undervisning, rettleiing, tryggleiksvurderingar og sensur av innleverte oppgåver.

disponering og oppfølging av aspirantar i praksis ved eininga bidra til utvikling og gjennomføring av undervisning for vikarar og eksterne samarbeidspartar

oppgåver innan HMS arbeidet ved Åna fengsel

det er utarbeid eige stillingsbeskriving for stillinga.

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.

Utdanning og erfaring

Du må ha

bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS

god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Det er ønskjeleg at du har

relevant utdanning på master eller bachelor nivå

god fagleg forståing for oppdrag og virkemidlar i kriminalomsorgen

kompetanse og/eller erfaring innan leiing, undervisning og/eller påverknadsarbeid

Personlege eigenskapar

gode samarbeids- og leiareigenskapar

god rolle- og systemforståing, og evne til å tenkje heilskapleg

evne til å planleggje, avgjere og gjennomføre innanfor gjeldande rammer

fagleg oppdatert og strukturert

stabil og høg arbeidskapasitet

evne til å motivera, byggja tillit og formidla kunnskap

Vi tilbyr

meningsfulle oppgaver i en etat med et viktig samfunnsoppdrag

gode pensjons, forsikrings- og låneordninger i Statens pensjonskasse

godt arbeidsmiljø i et mangfold av fagområder

gratis parkering

el-billader tilgjengelig for ansatte

Årslønn er fra kr 700 000 - 820 000 avhengig av kvalifikasjoner og erfaring

Det blir trukket 2 % innskudd til Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Assisterande fengselsleiar Morten Røer på telefon 51799011

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.