A
Fast stilling (inntil 30%) og vikarar
Aukra kommune Kultur
AUKRA Fast July 20, 2026
Job description

Søk jobb hos oss og bli ein del av eit triveleg arbeidsmiljø i Aukra kulturhus. Dette kan vere den perfekte jobben for deg som er student, ønskjer ei ekstra inntekt eller ein jobb med fleksibel arbeidstid.

Symjebassenget har ope alle vekedagar og er ein viktig møteplass for folk i alle aldrar. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, glad i menneske og tek ansvar for at gjestene våre får ei trygg og god oppleving.

Arbeidsoppgåver:

Sørge for at våre gjester til ein kvar tid opplever anlegget som trygt, reint og triveleg

Sikkerheit i symjehallen, garderobar og fellesområde

Om nødvendig utføre livredning og førstehjelp

Utføre reinhald og vedlikehald

Sal av billettar

Krav til søkjar:

Gode symjeferdigheiter

Gjennomført livredningskurs er ønskeleg. Om ikkje får du gjennomført kurs før oppstart. Grunnleggande datakunnskapar

Søkjar må ha fylt 18 år

Særskilte krav:
Det vert stilt krav om politiattest

Prøvetid:
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste:
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast:
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" Søknadsfrist: 17. august 2026.

Tiltreding: Etter avtale

Kontaktperson: Anne Jorunn Sandøy tlf. 9590705

Link til søknadsskjema: Søk her
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav