B
Familierettleiar - psykisk helseteam for barn og unge
Barn, familie og helse, Giske kommune
VALDERØYA Vikariat June 18, 2026
Job description

Vil du jobbe tett på barn, unge og familiar - og vere med på å gjere ein forskjell tidleg i livet?

Vi søkjer ein engasjert familierettleiar til eit spennande vikariat i psykisk helseteam for barn og unge, med varighet på inntil 15 månedar i perioden 01.10.2026-31.12.2027. Hos oss blir du del av eit lite og dedikert fagmiljø, med stort engasjement for tidleg innsats, relasjonelt arbeid og å bidra til positiv utvikling hos barn og unge. Vi kan tilby ein innhaldsrik og meiningsfull kvardag med oppfølging av familiar i ulike livssituasjonar, der du som familierettleiar får stor tillit og ansvar i det sjølvstendige arbeidet.

Om stillinga
Du blir ein del av eit tverrfagleg team med psykolog og familierettleiar (begge i 100% stilling), som arbeider både klinisk og systemisk med barn, unge og familiar. Vi er opptekne av tidleg innsats og forebygging, god relasjonsbygging, og å sjå ressursane i og rundt barnet.
Arbeidskvardagen er variert og inkluderer både direkte arbeid med familiar, til dømes individualsamtalar med barn og unge, familiesamtalar og foreldrerettleiing, og samarbeid med relevante tenester rundt barnet.

Stillinga er organisert i eining Barn, familie og helse, og ein har stort fokus på tverrfagleg samarbeid innad i eininga med mål om god, tidlig innsats. Arbeidsstad er rådhuset på Valderøya.

Arbeidsoppgåver

Oppfølging av barn, unge og familiar

Råd og rettleiing til foreldre

Familiesamtalar

Individuelle samtalar med barn og unge

Tverrfagleg samarbeid med skule, barnehage og andre tenester

Koordinering av hjelpetiltak i individuelle saker

Bidra inn i forebyggande og systemretta arbeid

Kvalifikasjoner

Vi ser etter deg som både har fagleg tryggleik og eit ekte engasjement for arbeid med barn, unge og familiar. Vi ønsker ein engasjert medarbeider som ønsker å vere med på å gjere ein forskjell for familiane i kommunen, samt å vere med på å styrke det faglege fellesskapet i teamet.

Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå innan helse, sosial eller pedagogiske fag

Erfaring frå arbeid med barn, unge og/eller familiar er ein fordel

Ønskeleg med relevant vidareutdanning

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

God digital kompetanse

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar vi vektlegg

Du skapar trygge relasjonar og har gode samarbeidsevner

Du er engasjert, strukturert og løysingsorientert

Du har gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg

Du trivst både med sjølvstendig arbeid og teamarbeid

Du er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med ulike behov

Vi tilbyr

Ein meiningsfull jobb der du kan vere med på å gjere ein forskjell i kvardagen til barn og familiar

Eit lite og tett team med godt samarbeid og støtte

Høve til fagleg utvikling og å påverke eigen arbeidskvardag

Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver

Løn og vilkår etter kommunalt avtaleverk

Praktisk informasjon

Vikariat i inntil 15 månader

Oppstart: 01.10.2026

Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing, og attest og vitnemål sendast inn i lag med søknaden

Høyrest dette ut som noko for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontaktinformasjon
Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234

Arbeidsstad
Valderhaug 4

6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5148230881

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.10.2026

Sluttdato: 31.12.2027

Søknadsfrist: 17.07.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav