Vayme
V

Er du barnehagelærar?

Voss herad Bolstad barnehage

VOSS Vikariat June 3, 2026

Job description

Bolstad barnehage søkjer engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår.

Me har ledig:

40 %  barnehagelærar for barnehageåret 2026 -2027

Tidsrom:

Frå 01.08.2026 -31.07.2027

Me tilbyr:

Gode vilkår for fagleg utvikling

Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø

Ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre

Gode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø

Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Løn etter kommunalt avtaleverk

Arbeidsoppgåver:

Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet

Utvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresette

Vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar

Sørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø

Være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø

Kvalifikasjonar:

Du som skal tilsetjast må ha utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk

Andre søkjarar kan bli vurdert

Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest

Me ynskjer deg som

er målretta og fleksibel, som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjonar

er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar

er varm og grensesetjande

er utadvent med evne til å kommunisera godt både skriftleg og munnleg

har god evne til samarbeid og søkja felles forståing

Informasjon om barnehagen:
Bolstad barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Bolstad, ca. 30 minuttar frå Voss sentrum. Me har 14 barn i alder 1 – 5 år. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.