S
Eining barn og familie - Prosjektstilling
Sveio kommune
SVEIO Prosjekt July 2, 2026
Job description

Om stillinga

I Eining barn og familie har vi ledig ei spennande stilling med ansvar for inntaksteamet i Eining barn og familie. Det er ei prosjektstilling i 50% stilling. Oppstart snarast mogeleg til og med 31.07.2027. Det kan bli aktuelt å forlengje stillinga.

Vi har samla sentrale tenester for barn, unge og deira familiar i Eining for barn og familie. Mellom anna Sveio helsestasjon, familierettleiarar, psykisk helse for barn og unge, ressursteam og koordinator barn og unge. Vi skal samarbeida til det beste for det einskilde barnet og familien og til saman utgjera eit godt lag. Felles kompetanseheving og fagleg utvikling er sentralt i eininga.

Sveio kommune er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats), og vi ønskjer at det skal vere trygt og godt for barn og unge å vekse opp hos oss.

Inntaksteam er eit samordningspunkt for barn, unge og foreldre som har behov for støtte, hjelp og rettleiing. Vi søkjer deg som er strukturert, relasjonsorientert og engasjert i tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid.

I denne stillinga vil du ha ei sentral rolle i å ta imot førespurnader, organisere inntak og bidra til at barn, unge og familiar får rett oppfølging. Du vil kartleggje behov og, i samarbeid med barn, unge og føresette, finne fram til eigna tiltak og vidare oppfølging.

Arbeidsoppgåver

Du vil mellom anna få ansvar for å:

organisere og koordinere inntaksteamet i Eining barn og familie

vere kontaktpunkt for barn, unge og foreldre som søkjer hjelp og rettleiing

gjennomføre kartlegging og vurdere behov for tiltak

samarbeide med barn, unge og føresette om å finne gode og tilpassa løysingar

følgje opp journalsystem og sikre god dokumentasjon

kalle inn til møte og koordinere vidare oppfølging

bidra i BTI-arbeid og anna tverrfagleg samarbeid

medverke til utvikling av gode rutinar og samhandling i tenesta

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer at du har:

relevant tre-åring høgare utdanning, til dømes bachelor i sosialfagleg, helse eller pedagogisk utdanning. Anna relevant utdanning kan vurderast

erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar

erfaring med tverrfagleg samarbeid

god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Politiattest må framvisast ved tilsetting

Det er ein fordel om du har:

kompetanse og/eller vidareutdanning innan kartlegging, foreldrerettleiing og rettleiing

kjennskap til samhandlingsmodellen BTI (Betre tverrfagleg innsats) og kunnskap om hjelpetiltak og tenester

digital kompetanse og erfaring med journalsystem er ein fordel

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

er trygg, tydeleg og god til å skape tillit

arbeider strukturert og sjølvstendig

er god til å samarbeide og samhandle på tvers av fagområde

har evne til å sjå heilskap og finne gode løysingar

møter barn, unge og familiar med respekt og forståing

har evne til å motivere for endring og sikre brukarmedverknad

Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt

Vi tilbyr

utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap

eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle

løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav