Job description

Me søkjer ein controller i 100% fast stilling som vil vere med på å styrkje økonomioppfølginga i kommunen, med særleg vekt på helse og omsorg. Du blir ein del av økonomiavdelinga og får samarbeide tett med leiarar og fagmiljø på tvers av organisasjonen.

Gjennom analysar, rapportering og styringsinformasjon skal du bidra til betre prioriteringar og god ressursbruk. Me ser etter deg som kan gjere tal til innsikt – og innsikt om til betre prioriteringar.

Hos oss får du ein jobb med ansvar, påverknad og meining. Du får vere tett på avgjerder som betyr noko – både for tenestene og for innbyggjarane.

Kva får du jobbe med hos oss?

Du vil mellom anna:

arbeide med økonomioppfølging i kommunen, med særleg vekt på helse og omsorg

bidra i arbeid med budsjett, økonomiplan, berekningar, rapportering og prognosar

utarbeide analysar, prognosar og styringsinformasjon

identifisere avvik, forklare utviklingstrekk og vurdere tiltak

vere ein fagleg sparringspartnar i økonomispørsmål

bidra til betre rutinar, arbeidsprosessar og verktøy innan økonomistyring

utføre andre relevante oppgåver i økonomiavdelinga ved behov

Me kan tilby

ei stilling med stort handlingsrom og moglegheit til å påverke korleis rolla blir utvikla

ein jobb der du får vere med og styrkje økonomioppfølginga i kommunen

tett samarbeid med leiarar og fagmiljø i ein organisasjon med viktige samfunnsoppdrag

varierte arbeidsoppgåver som betyr noko for både tenestene og innbyggjarane

fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø

ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon

forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring

lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Kvalifikasjonar

Me ser etter deg som har:

høgare utdanning på masternivå, gjerne innan rekneskap, revisjon eller samfunnsøkonomi, men andre spesialiseringar innan økonomi blir også vurderte

god forståing for økonomistyring og analyse

god digital kompetanse og systemforståing

god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Det er ein fordel om du også har:

erfaring med budsjettarbeid, økonomioppfølging eller analyse

erfaring frå offentleg sektor eller større verksemder

gode ferdigheiter i Excel

kjennskap til Power BI eller liknande verktøy

Nyutdanna er også velkomne til å søkje. Har du rett utdanning, motivasjon og vilje til å lære, vil du få støtte og moglegheit til å utvikle deg i rolla.

Kven er du?

Me trur du vil passe godt hos oss dersom du:

er analytisk og strukturert

likar å finne forklaringar, samanhengar og moglegheiter i talmateriale

kommuniserer tydeleg og gjer økonomi forståeleg for andre

tek initiativ og ønskjer å forbetre måtar å jobbe på

trivst med samarbeid, men også jobbar godt sjølvstendig

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Slik søkjer du

Vindafjord kommune tek berre imot elektroniske søknader via søknadssenteret vårt. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav