Job description

Til vår butikk i Nordfjordeid med filial i Vanylven søker vi

SERVICEINNSTILT, INSPIRERANDE OG RESULTATORIENTERT BUTIKKSJEF

I Vinmonopolet er vi opptatt av det beste kundemøtet. Våre tilsette skal vere kjende for høg kompetanse og god service.

Vi ser etter ein leiar som er lidenskapelig opptatt av kundeservice, og som har evne til å utvikle og inspirere sine medarbeidarar. Saman skal de skape gode resultat i eit raust, solid og dynamisk arbeidsmiljø. Du vil ha oppfølgingsansvar for filialen vår i Vanylven, og noko reiseverksemd dit må påreknast. Stillinga inneber arbeid annakvar laurdag.

Ønska kvalifikasjonar:

Utdanning og kompetanse innan økonomi, service og leiing

God digital kompetanse

Resultatorientert, med god forretningsforståing og gjerne erfaring frå butikkdrift

Utprega god på planlegging og gjennomføring av arbeidsoppgåver og aktivitetar i tråd med butikken og selskapet sine strategiar og målsettingar

Erfaring med leiing og utvikling av team

Levande opptatt av kundeservice og det å gi det aller beste kundemøtet

Sterk lagspelar og relasjonsbyggar med gode kommunikasjonsevner

Vi stiller høge krav til leiarane våre, og du må kunne kjenne deg igjen i leiarprinsippa våre: inspirere og involvere, balansere, utvikle og utfordre.

Dersom du i tillegg er interessert i mat og drikke, og med iver etter å lære meir, kan dette vere stillinga for deg.

Hovedoppgåver:

Drift og vidareutvikling av butikken i tråd med gjeldande retningslinjer

Sikre at butikken leverer i samsvar med Vinmonopolet sitt samfunnsoppdrag, strategi og målsetting, slik at Vinmonopolet held fram med å vere landet sin leiande faghandel

Tillitsbasert og støttande leiing basert på leiarprinsippa og verdigrunnlaget vårt

Faglig og personlig opplæring og kompetanseutvikling av personalet

Kontinuerlig utvikling av eige leiarskap, slik at våre tilsette trivest og utviklar seg i eit solid, godt og lærande arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

Ein spennande og viktig jobb i samarbeid med serviceinnstilte kolleger med høg kompetanse

Vi prioriterer opplæring og utvikling av våre tilsette, og vi legg til rette for varefaglig og personlig utvikling

Konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Vinmonopolet har som mål å være landets ledende faghandel og Noregs beste arbeidsplass. Det skal vi oppnå gjennom å gi de beste kundemøta, sikre effektiv drift og skape arbeidsplassar med god trivsel.

Kontakt distriktssjef Linda Marie Tilly på telefon 47242575 om du vil vite meir om stillinga.

Søknad med CV blir å sende elektronisk via lenke på denne sida (Søk stillinga).
Søknadsfrist: 28.06.2026

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Du må vere over 20 år for å jobbe hos oss, men elles ønskjer vi oss medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og livserfaring og ulike perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysingar.

Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.

Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern

Har du problem med å sende elektronisk søknad, ta kontakt med Jobbnorge sin kundeservice tlf. 75 54 22 20. Vitnemål og attestar blir å ta med til eit eventuelt intervju.

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav