Job description

Vil du bidra til eit tryggare lokalsamfunn? Ørsta brann og redning har, frå 01.08.26, ledig stilling som brannforebyggar i Ørsta kommune.

Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt brannførebyggjar (feiar) som ønskjer å arbeide med førebygging av brann og auka tryggleik for innbyggjarane våre.

Ørsta kommune har etter forskrift om brannførebygging § 17 ansvar for å sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Som brannførebyggjar er du ein viktig del av kommunen sitt lovpålagde brannførebyggjande arbeid og bidreg til å sikre branntryggleiken i kommunen.

Stillinga gir deg ein variert arbeidskvardag der du møter innbyggjarar i alle aldrar gjennom tilsyn, feiing og informasjon om branntryggleik. Gjennom fagleg rettleiing og god dialog bidreg du til å førebyggje brann, auke kunnskapen om branntryggleik og skape tryggleik for innbyggjarane våre. Som brannførebyggjar får du ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleiken.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver

Feiing og fresing av fyringsanlegg.

Gjennomføring av tilsyn med fyringsanlegg til oppvarming.

Kartlegging og vurdering av branntryggleik knytt til fyringsanlegg.

Informasjon og rettleiing om forebygging av brann.

Registrering, dokumentasjon og sakshandsaming i aktuelt fagsystem.

Delta i anna forebyggande arbeid ved behov.

Bidra til utvikling av det forebyggande arbeidet i Ørsta brann og redning.

Kvalifikasjonar

Fagbrev som brannforebygger (feiar)

Søkjarar med anna relevant bakgrunn kan også bli vurderte, under føresetnad av å gjennomføre nødvendig utdanning innan 3 år.

Førarkort klasse B.

Beherskar digitale verktøy og fagsystem.

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

Er serviceinnstilt og trivast med å møte folk.

Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Er engasjert, sjølvstendig og strukturert.

Arbeidet inneber arbeid i høgda og kan vere fysisk krevjande, så det er viktig at du har helse som er foreinleg med stillinga.

God munnleg og skrifteleg framstillingsevne på norsk. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon.

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

Ei meiningsfull og samfunnsviktig stilling.

Eit godt arbeidsmiljø

Varierte og spennande arbeidsoppgåver.

Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 1.2 - Fagarbeidarstilling
Stillingskode 6986 - Feiar

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. Fråvær går til fråtrekk.

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller tal timar.

Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon
Eldar Rune Øye, Kommunalsjef Teknisk, eigedom og landbruk, 93439790

Thomas Winther Leira, Brannsjef, 90 74 91 12, thomas.winther.leira@orsta.kommune.no

Arbeidsstad
Dalevegen 6

6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 5153168123

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 19.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav