K
Barne- og ungdomsbibliotekar
Kultur, Stad kommune
NORDFJORDEID Fast June 24, 2026
Job description

Er du vår nye barne- og ungdomsbibliotekar?

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling med oppstart hausten 2026.

Vi leitar etter deg som er ein engasjert og utviklingsorientert formidlar, og som ivrar for å skape leselyst og leseglede blant born og unge!

Stad bibliotek består av hovudbibliotek på Nordfjordeid, avdeling i Selje og filial på Leikanger, og vi jobbar aktivt saman med grunnskulane i kommunen i satsinga på skulebibliotek og leselyst.

Som tilsett hos oss vert du ein del av eit aktivt kulturmiljø som består av operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule.

Arbeidsoppgåver

Som bibliotekar ved Stad bibliotek inngår du i eit kollegium som saman skal utvikle bibliotektenestene i Stad kommune, oppfylle biblioteklova sine krav og skape leseglede og gode møteplassar.

Du inngår i den daglege drifta av biblioteket og dei bibliotekfaglege tenestene, inkludert skranketurnus, publikumsarbeid og litteraturformidling

Du har eit særleg ansvar for formidling og samlingsutvikling retta mot born og unge 0-19 år, både på og utanfor biblioteket

Du vil ha ein sentral rolle i Stad kommune si satsing på skulebibliotek, som rettleiar og ressursperson, i tett samarbeid med skulesektoren

Du besøkjer skular, skulebibliotek og barnehagar jamleg

Du jobbar for å skape leselyst og leseglede gjennom formidling, arrangement og utstillingar

Du bidreg til å gjere biblioteket til ein trygg og god møteplass

Du formidlar både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt

Stad bibliotek er ein dynamisk arena, og andre arbeidsoppgåver kan kome til ved behov

Kvalifikasjonar

Utdanning:

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap, eller tilsvarande relevant utdanning til dømes innanfor litteratur, språk og pedagogikk

Erfaring og kunnskap:

God kjennskap til og interesse for barne- og ungdomslitteratur

Gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt

Erfaring frå bibliotek- og/eller formidlingsarbeid er ein fordel

Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Erfaring med arrangementsavvikling er ein fordel

Erfaring med sosiale medium og marknadsføring er ein fordel

Du må ha gode IT-kunnskapar

Du må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Du er ein positiv og raus lagspelar

Du er utadvendt og serviceinnstilt

Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne

Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner

Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt

Du er utviklingsorientert og endringsvillig

Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

Eit bibliotek i utvikling

Eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule

Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag

Løn etter tariff

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Det vil bli lagt vekt på stabilitet, kontinuitet og referansar ved tilsetjing.
Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt fagleiar bibliotek Janne Mari Hjelle, tlf. 97096997 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Kontaktinformasjon
Janne Mari Hjelle, Fagleiar bibliotek, 970 96 997, janne.mari.hjelle@stad.kommune.no

Geir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33, geirholmen@operahuset.no

Arbeidsstad
Sophus Lie-vegen 3

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5147540796

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 09.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav