Vayme
B

Avdelingsleiar

Bufetat

STORD Fast July 5, 2026

Job description

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Bergen og omland familiekontor har vi ledig fast avdelingsleiar-ressurs. Ressursen skal fordelast med arbeidsstad på våre 3 lokasjonar med 60% i Bergen, 20% på Stord og 20% i Odda. Dei som vert tilsette skal ha arbeidsstad på kvar sin lokasjon.  Ved evt. intern tilsetjing vil avdelingsleiarstillinga kunna kombinerast med terapeutstilling i resterande del av 100% stilling.

Lokasjon Bergen har p.t. 32 tilsette, Odda har 5 tilsette, Stord har p.t. 6 tilsette.

Omfang på stillingsressursen vert evaluert og vurdert i budsjett for 2027.

Hos oss vil du verte ein del av ei leiargruppe i eit engasjert og fagleg sterkt arbeidsmiljø, der du vil få moglegheit til å påverke den daglege drifta og våre framtidige planar.

Arbeidsoppgåver

Mål for stillinga er å sikre stabil drift og bemanning.

Ditt ansvar vil vere:

å ta kloke avgjerder, samtidig som du leier med fagleg tryggleik, ro, tillit, og etisk medvit

å ha god rolleforståelse og nærvær

sørgje for stabilitet gjennom dagleg drift, oppfølging og ivaretaking av personal og brukarar av tenesta

å bidra aktivt til god intern og ekstern samhandling

å kunna omsetje overordna føringar og prioriteringar til dagleg praksis

handtere både operativt ansvar og langsiktig planlegging

I samarbeid med einingsleiar og leiargruppe bidrar du:

i kvalitetsutviklings- og forbetringsarbeid

HMS-arbeid og god internkontroll

særlege prosessar knytta til personaloppfølging

oppfølging av budsjett

i rekruttering

i leiarteamet i tenesta

du rapporterar til leiar

Kva bakgrunn har du?

Du må ha:

Relevant høgare helse- og sosialfagleg utdanning på bachelornivå, ev. masternivå, fortrinnsvis innan familieterapi eller leiing.

God evne til samhandling med andre.

God evne til struktur og planlegging

Gode digitale ferdigheiter og gjerne erfaring med rapportering og dokumentasjon.

Gode kommunikasjonsferdigheiter, på norsk.

Ønskelige krav:

Leiarerfaring, gjerne frå familievernsfeltet.

God kjennskap til familievernsfeltet og relevant lov- og regelverk.

Erfaring med fagleg utviklingsarbeid og tverrfagleg samhandling.

Økonomiforståing, ev. erfaring med budsjett- og driftsansvar.

Personlege eigenskapar

Kva ser vi etter:

Emosjonell robustheit og evne til å stå i krevjande situasjonar.

Tydeleg og føreseieleg leiarstil som skaper tryggleik.

Evne til å prioritere og handle klokt i sanntid.

Høg gjennomføringsevne og indre struktur.

Refleksjonsevne, etisk medvit og relasjonskompetanse.

Blir motivert av å kombinere strategisk tenking med operativt ansvar.

Genuin motivasjon for målgruppa.

Kva får du hos oss?

Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, i lønnsspenn med kr 700.000 - 800.000 pr. år i aktuell stillingsstørrelse. Løn vurderast etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan vurderast ved særlig kvalifiserte søkarar.

Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekt

Moglegheit til å trene 1 t pr veke i arbeidstida utanom tida til konsultasjonar og faste møter.

Støtte og rettleiing i leiarrolla frå einingsleiar.

Opplysningar til deg som søkjar

Vi søkjer etter dei beste hovuda og hjarta uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.

Stillinga er for tida lagd til Bergen og omland familiekontor.

Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.

Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.

Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.

Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.

Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.