Vayme
L

Arealplanrådgjevar

Lom Kommune Sentraladministrasjon

LOM Fast July 10, 2026

Job description

Vi skal tilsette ein arealplanrådgjevar i 100 % fast stilling og søkjer etter ein person som kan bidra godt både på planfag og prosess. Søknadsfrist: 9. august

Lom og Skjåk kommunar har felles tenester på fagområda plan, byggesak og miljø. Vi er eit fagmiljø med oppgåver på alle nivå i planhierarkiet, og vi handsamar private reguleringsplanforslag, dispensasjonar, byggesaker, forureinings- og utsleppsaker, motorferdsel- og utmarksaker.

Vi held til på Midtgard, som er kommunehuset i Lom, og har også kontordagar på kommunehuset i Skjåk.

Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine

Oppgåveporteføljen på plankontoret er brei, og vi fordeler oppgåver ut frå kompetanse, kapasitet og ønskje. Oppgåver du kan vente deg er mellom anna:

Følgje opp og handsame private reguleringsplanar og dispensasjonssøknadar

Utarbeide konsekvensutgreiingar

Følgje opp saker der naturfare som flaum og skred er tema

Skrive uttaler til høyringar

Oppfølging av den digitale planbasa, planforvaltning

Rettleie innbyggjarar og tiltakshavarar

Det kan også vera aktuelt å utarbeide kommunale arealplanar

Andre oppgåver kan også bli aktuelle.

Vi ser etter deg som

Har relevant høgare utdanning og gjerne relevant arbeidserfaring

Har kunnskap om plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter

Har kunnskap om handtering av naturfare i arealplanlegging

Har kunnskap om GIS og planforvaltning, eller vil tileigne deg dette

Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Administrasjonsspråket er nynorsk

Vi vil vektlegge personleg eignaheit.

Erfaring frå offentleg forvaltning og forhaldet mellom politikk og administrasjon er ønskjeleg.

Du må kunne leie og delta godt i prosessarbeid og samarbeide godt med andre. Å vere fagleg undersøkande og reflektert er viktig i denne jobben. Du møter ofte komplekse oppgåver og du må trivast med dette, vere løysingsorientert og fleksibel og kunne arbeide deg strukturert gjennom oppgåveporteføljen.

Kommunane yter tenester til innbyggjarane, og det er viktig for oss å vere tilgjengelege og rådgjevande. Vi ønskjer oss ein medarbeidar som tek initiativ til utvikling og nye måtar å løyse oppgåver på.

Kvifor velje oss?

Hjå oss får du:

Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom kollegaer

Ansvar og tillit

Variasjon i arbeidsoppgåver

Rom for fagleg utvikling

Fleksibilitet i arbeidstid og arbeidsstad

Konkurransedyktig løn

Gode pensjonsordningar

Let AI tailor your CV for this role

Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.

Get started for free

Source: nav

Ready to find your dream job?

Start today — it's free to create an account

Vayme logo

Contact us

Contact support

hey@vayme.io

Terms & Conditions

Terms of Service

Privacy

Privacy Policy
© 2026 Vayme. All rights reserved.