Job description

Vil du vere med og skape ein god møteplass for ungdom?
Vi har ledig ei 20 % stilling knytt til ungdomsklubben og UKM.

Åseral ungdomsklubb er organisert under eining for kultur.
Dette er eit fritidstilbod for barn og unge i alderen 13-18 år. Det er klubbkveld kvar onsdag frå 17:00-21:30, og følger skuleruta.
Ungdomsklubben har eigne lokale i kjellaren i Åseral næringshus, "Bankkjellaren".

Stillinga inngår i eit team på tre personar som skal arbeide med planlegging, koordinering og utvikling av ungdomstilbodet, inkludert samarbeid med ungdomsrådet.
Vi ser etter ein engasjert og trygg vaksenperson som ønsker å bidra til eit inkluderande og godt miljø for ungdom

Arbeidsoppgaver

Planlegging og gjennomføring av aktivitetar i ungdomsklubben

UKM

Samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar

Bidra til utvikling av ungdomstilbodet

Delta i teamarbeid og koordinering

Oppfølging av praktiske og administrative oppgåver knytt til drifta

Arbeidstid
Arbeidstida er hovudsakleg lagt til onsdagar kl. 14:00–21:30, då dette er kvelden ungdomsklubben er open.
Det kan også vere behov for deltaking på enkelte møte og arrangement utanom fast arbeidstid.

Kvalifikasjoner

Erfaring frå arbeid med ungdom er ønskjeleg

Relevant utdanning eller erfaring innan ungdomsarbeid, helse, sosialt arbeid eller pedagogikk er ein fordel

Gode samarbeidsevner

Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlige egenskaper

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi søker deg som:

Er strukturert og arbeider planmessig

Har evne til å ta ansvar og følgje opp oppgåver

Er fleksibel og løysingsorientert

Er trygg i møte med ungdom

Har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i team

Politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader må leggjast fram før tilsetjing. Attest utan merknad er ein føresetnad for å kunne tiltre i stillinga.

Vi tilbyr

Ei meiningsfull og spennande stilling

Moglegheit til å påverke og utvikle ungdomstilbodet

Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Rettleiing og naudsynt opplæring

Vi kan hjelpe til å finne bustad

Gratis SFO

Barnehageplass

Kontaktinformasjon
Ann Kristin Tollefsen, Einingsleiar Kultur, 99493765, Ann.Kristin.Tollefsen@aseral.kommune.no

Arbeidssted
Bordalsbakken 10

4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 5144287955

Stillingsprosent: 20%

Fast

Søknadsfrist: 10.08.2026

Let AI tailor your CV for this role
Create a free account to get AI job matching, personalised CV writing, and apply with one click.
Get started for freeSource: nav